Skitrimmen 2013

Skigruppa melder om at skitrimmen er i gang igjen. Både ungar og vaksne blir oppfordra til å stille opp kvar tysdag framover.
Alle vil få premie uavhengig av kor mange gongar ein er med. Det vil bli gratis saft, og sal av bakels og kaffe(10 kr).
Skigruppa oppfordrar alle barn til å notere antall km dei går på ski i løpet av sesongen for å oppnå bornas skimerke i gull,sølv eller bronsje. Antall km kan noterast på papir eller på www.distansekort.no.
Eventuelle endringar vil bli annonsert her på websida og www.trollheimsporten.no.
For meir info om skitrimmen og bakelsliste kan de klikke dykk inn på skigruppa si webside.