Lys imot mørkret

Konfirmantar avrundar hausten med lysmesser i adventstida. Gjennom desse gudstenestene strålar lyset si symbolkraft imot alt som er mørkt.

Lys A[1]
Flott postludium: Lord, I lift your name on high – gruppa sin yndlingssalme i levande framføring.
Lys B
Odd Erik Stendal gjer gruppa klar til lysprosesjon. Han er konfirmantlærar i heile Surnadal forutan Øre Gjemnes og Tingvoll sokn.
Lys C
Den sjuarma lysetaken er tent som symbol for dei sju adventsprofetiane som vart lesne.
Lys D
I preika tolka Odd Erik Stendahl lyset som symbol og kraft mot det mørke og vonde i verda.


I Åsskard kyrkje onsdag hadde soknets konfirmantar Sindre, Ingrid, Vår og Mathilde med seg mange frå andre bygder i Surnadal. Leia av kateket kateket Odd Erik Stendahl og med Amund Valde som musikar forma dei ei messe med rikt og variert innhald: Bibellesing, bøner, song og symbolhandlingar – med lyset som hovudelement.

«Lyset i verda»

- Lysmessa har tradisjonar frå den første kristentida, sa liturg Stendahl i preika si. Han viste også korleis begrepet lys pregar kristentrua og siterte Jesus, som sa: - Eg er lyset i verda!

Storparten av songane i programmet og tekstene som konfirmantane las, peika på lyset si betydning: «Det lyser i stille grender», «Tenn lys», «Du stjerne over Betlehem». 

Spennvidde i songvalget skaper perspektiv også i ei ungdomsmesse. Og i «Solbarn» (tekst frå 2004) såvel som i «Folkefrelsar» (300-talet) strålar lysmotivet igjennom: Guds kjærlighet «stråler mot oss», «trua alltid ljoset ser».

Stødig og stilfullt

Dei femten konfirmantane gjorde sine saker verdig, stødig og stilfullt. Og ikkje minst: Avslutningssongen «Lord, I lift your name on high» fekk liv og uttrykk, med friske songstemmer og dansande armrørsler Fortent applaus og mange gode kjensler hos oss som var der! 

God stemning

Dessverre var det få andre enn konfirmant-familiane som møtte opp denne kvelden. Men stemninga rundt kaffeborda i Kyrkjestua etter messa var lett og lys, som det høvde seg ein slik kveld. Det sørga servitørane Torbjørg og Inger Lise for! 

Tysdag var det lysmesse i Todalen, torsdag står Mo kyrkje for tur. Ta turen, folkens!

 

… Tekst og foto: Bernt Bøe …

VI SPONSER BØFJORDNETT