Lesarinnlegg: Kva fortener omtale?

Kva og kven fortener medieoppslag? Somtid undrast ein over det ein ser – og aller mest: Ikkje ser. Det skriv Bernt G. Bøe i dette lesarinnlegget.

Kva fortener Fasteaksjon Åsskard 2025[1]
Dugnadsgjengen i Åsskard samla inn over 43.000 kroner til Kirkens Nødhjelp på eit par kveldstimar no i april. Foto Bernt Bøe


I Kirkens Nødhjelps fasteaksjon gjer 40 000 bøsseberarar landet rundt før påske kvart år ein livbergande innsats for trengande. Storparten av desse er 15-årig ungdom.

Her i Nordmøre lesarkrets er tresifra tal på konfirmantar med i denne fantastiske dugnaden. Berre i Surnadal gav folk 7. april 2025, via femti bøsseberarar, over 126.000 kroner til KN.

Midlane blir effektivt bruka der dei trengst. Eit fokusområde er livsnødvendige vassanlegg i tørkeramma land. 

Og – viss du treng konkretisering: Statistisk gir 30 000 kr varig reint vatn for hundre menneske. Slik kan årets sum frå Surnadal bety vassforsyning til 420 menneske - sei gjerne ein stor landsby. Dette altså takka vere konfirmantar og støttespelarar i éin enkelt kommune!

Sjøl har eg i mange år hatt gleda av å samarbeide med innsatsfylte konfirmantar i Åsskard. Dei åtte bøsseberarane våre leverte i år over 43.000 kroner.

Vi som administrerer fasteaksjonen, lagar førehandsnotisar og rapporterer resultat til pressa. Og oftast blir dette ferdiglaga, tilsendte stoffet publisert. Det er flott.

Men som lokal KN-kontakt oppfordra eg i år (som bestandig) redaksjonane i lokale media til å laga eigne reportasjar om fasteaksjonen. 

Når vi heller ikkje denne gong finn redaksjonelle oppslag om denne formidable ungdomsmønstringa, tør eg spørje: Kvifor?

Media baserer mykje av sin eksistens på «likerklikk». Men likevel: Er notisar om nytilsett kommunal vaskehjelp eller mangesiders oppslag om ein person som flyttar til Amerika, viktigare enn at titusenvis av 15-åringar skaffar livsvilkår for naødlidande medmenneske?

VI SPONSER BØFJORDNETT