Kulturvandring i Bøfjorden

Søndag inviterer Bøfjorden Historielag til kulturvandring «Frå bukt til bukt». Området rundt Sjøbruksmuseet byr på mykje kulturhistorie – med trafikknutepunktet Skrøvsetvika i sentrum.

Plakat 2013 07 07
Muntert attmed Orsetbua i 1940: Erling Sæthervik, Klara Røsand (Bæverfjord), Olav Bæverfjord, Lars Settemsdal (Gammel-Oppigard) og Marit Skrøvset (Solem).
Muntert attmed Orsetbua i 1940: Erling Sæthervik, Klara Røsand (Bæverfjord), Olav Bæverfjord, Lars Settemsdal (Gammel-Oppigard) og Marit Skrøvset (Solem).
Kulturvandring g Rutebåt
Rutebåten «Nordmøre» med folk og gods i Skrøvsetvika ein gong rundt 1960.
Skrøvsetvika var handelsstad og trafikknutepunkt frå 1900.
Skrøvsetvika var handelsstad og trafikknutepunkt frå 1900.

Programmet startar på museet - med biletserie frå historia. Etter denne innføringa startar sjølve vandringa ved Ådalen og Settemsbukta. Med jamne mellomrom stansar ein ved bygg og utsiktspunkt der historielagets folk informerer – gjerne med innspel frå følgjet.

Av kjent og ukjent frå eldre og nyare tid som blir trekt fram, er som Bøfjordens Meieri (1890-1913), sildfiskeri på fjorden, gamle vegar og personportrett. Bedehuset Betania er no 80 år. I Skrøvsetvika var det handel, post, gods- og passasjertrafikk og naust for sildnotbruka.

Skrøvsetskjeret – attmed det noverande  museet - hadde skipsverft og fiskeindustri.  På Skrøvset var det hollender-sag, og ute i Bakken dreiv handelsmann Vågen si enkle forretning.

Dessutan har sjølve museumsbygget ei rik fortid som ungdomshus og kinolokale.

Historielaget vil understreke at ingen treng å kvi seg på slitsam vandring: Det blir ordna med grei bilskyss for alle som ønskjer det! Ein håpar søndagens opplegg vil freiste mange til å bli kjent med eller gjenoppleve ein fargerik del av nordmørsk og bøfjordsk kulturhistorie.

Samtidig er museet base for opplegget - med kaffe og tilbehør som vanleg.

VI SPONSER BØFJORDNETT