Krigsminner frå Surnadal - ein film av Eistein Bæverfjord

krig men 2

9.september kan du sjå filmen "Krigsminner frå Surnadal" i Storstuå på Surnadal kulturhus.

Intervjuobjekta eg var innom; Dei fleste var mellom 80 og 95 år, og da er det rettast å opptre med respekt og ærbødigheit. Dette er ei aldersgruppe med mykje livsvisdom, som også fekk med seg nokre barne- og ungdomsår i krigstida. Da forstår vi også at opplysningane som kjem fram er ekte. Historiene vi fekk servert har ikkje gått mange rundar på folkemunne, for til slutt å ende opp i ei lokalhistorisk kvern som legg på og trekkjer frå etter som det passar den enkelte ”historiker”.

Dette vart ikkje ei historie om politikk, hat og rettsvesen, eller kven som vart vinnar eller tapar i krigen. Slikt veit vi det meste om frå før. Derimot vart det ein porsjon nasjonalromantikk, og ein smule anna romantikk, om fillete, magre krigsfangar som mesta jobba livet av seg, om sjarmerande tyske soldatar i uniform, og ikkje minst om formaningane til unge dreker, om korleis dei skulle forhalda seg til slike saker.

Det blir også orientert om kvifor okkupasjonsmaka var så interesserte i Surnadal, litt om kva okkupantane tenkte og gjorde, ein dokumentasjon på diverse insallasjonar som okkupantane fekk bygd i Surnadalføret, og som det enno finnst ein del av.

Det som går att i denne minnesamlinga er aprildagane i 1940, da okkupasjonsmakta starta si terrorbombing innover nordmørsbygdene. Og målet for flyåtak kunne vera så mangt, frå rindalsbussen som passerte Ranes til hest og kar med møkkalass som dreiv våronn ved Raneskyrkja. Men i den grad det går an å kalle dette ei snill historie, så er det det, sjølv om det kjem fram ein god del mellom linjene som kan tolkast både hit og dit. Kanskje vi kan læra litt av det.


I sluttfasen av filmen kjem vi tett innpå den sorga dei opplevde, dei familiane som mista ein av sine i krigen. Må berre tilstå at tårane var ikkje langt unna under opptak og redigering av dette sorgkapittelet. Sterke saker; - til dømes han som fekk nyheita av ein jamnaldring på tur oppover kyrkjegolvet for å bli konfirmert i 1940: ”Han bror din har mista livet i slaget i Gratangen”.


Men som sagt er dette i stor grad ei samling reelle barne og ungdomsminner frå krigstida, mange av dei ligg på eit kvardagsnivå i minnebøker, det er mange nye historier som det har vore lite fokus på oppover tida.


Denne første utgåva blir ikkje ein film for spesielt krigsinteresserte. Det blir berre ein dokumentasjon på at ”slik var det berre”.
og da får vi tru det kjem nokre sjeler på premieren som vil bli den 9. september kl. 19.00 i kulturhuset på Skei.

Billettane kostar 175,-kr og kan kjøpast på denne lenkja

VI SPONSER BØFJORDNETT