Jubilerer med brumarsj

Bøbrua fyller 50 år! Det blir markert med brumarsj og folkefest i Bøfjorden søndag.

Jubilerer b Bygging BRUA 1964 Foto Sigrun Sættem
Bygging: Brua nesten ferdig – sommaren 1964. (Fotoeigar Stein Sættem)
Jubilerer c LIVLEG Foto Arnt Kjetil Bøe
Nybrua: Livleg under opninga av den nye Bøbrua som vart bygd etter at orkanen knuste den gamle i 1992. (Foto: Arnt Kjetil Bøe)

Idrettslaget og andre entusiastar har lagt opp eit variert program for små og store, også med historisk vinkling. – Klokka 13 samlast vi ved Nessavorren, seier initiativtakar Randi Irene Bæverfjord. – Derifrå er det båtskyss over til vorren på Settemsørane, akkurat slik skuleskyssen gjekk før brua kom i 1964.

Både motorbåten «Rapp», som er attlevande «lillebror» til den gamle skulebåten «Bøsund», og kyrkjebåten «Hjelmkonnå» tek med folk på den gamle skuleruta. – Elles håpar vi andre båtfolk også blir med ut på sundet, seier Randi.

Brumarsj

Sjølve brumarsjen startar deretter frå Settemsørane og går til grendahuset Kveldheim på Bø. - Til denne marsjen har idrettslaget produsert jubileums-pins i begrensa opplag, fortel Randi Bæverfjord. - Mange vil nok møte tidleg opp for å sikre seg ein av desse!

På Kveldheim får ein pølse, brød og kaffe med tilbehør. Gunnvald Bøe innleier til mimreprat om det store tidsskillet i bygda da brua opna hausten 1964. Ei fotoutstilling hjelper på minnet om gamle dagar, og anekdotene dukkar nok fram. Songen «Brua vår» vil også tone igjen!

Brua skapte ei ny tid

Før 1964 gjekk all trafikk til og frå Bølandet sjøvegen. Problema med skuleskyss førte til at Bølandets Folkeskole (no Kveldheim) vart bygd i 1916 og drive med privat innsats i 6 år. Mjølk- og varetransport, dokter- og jordmorskyss var i alle år avhengig av båt. Brua skapte altså ei ny tid i bygda.

I 1992 vart brua smadra under nyårsorkanen, og «gammel-tida» inntok Bølandet igjen, fram til ny bru var ferdig om hausten same året. Det var ein ny festdag da stortingsmann Restad klipte snora for Bøbru nummer to.

No håpar arrangørane at veret og oppslutninga blir jubileet verdig.

 

VI SPONSER BØFJORDNETT