Gode planer for ny sesong

Årsmøte i Bøfjorden Historielag:

Bøfjorden Historielag avvikla årsmøte torsdag. Nok ein aktiv sesong er planlagt.

Årsmøte A 2026[1]
Attåt Tore Sannes held desse fram i styret: Bernt Bøe (frå venstre), Inge Dønheim, Mayse Dønheim Hovde og Kristian Settem. Her med eksempel på det historiske dei har å vise fram. Foto Randi Bøe
Årsmøte B Hjelmkonnå
Laget leiger gjerne ut kyrkjebåten «Hjelmkonnå» - med plass til 14 roarar. Foto Bernt Bøe
Årsmøte C Nye vindu
Forbetring: Vindua på sjøbruksmuseet er under utskifting. Foto Tore Sannes
Årsmøte D Promotering
Historielaget vil promotere laget og bygda på mange vis i vekene som kjem. Foto Bernt Bøe
Årsmøte E Søndagskaffen
Mange tek søndagskaffen på museet – attåt anna program. Da er kjøkentenesta viktig! Frå venstre Randi Bøe, May Iren Dønheim Hovde og Tore Sannes. Foto Bernt Bøe


Heile styret held fram – Kristian Settem, May Iren Dønheim Hovde, Tore Sannes, Inge Dønheim og Bernt Bøe. Dyktige medhjelparar på alle plan fekk fortent ny tillit. Mange på møtet uttrykte at dei gler seg på ny sommarsesong på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Museet godt besøkt

Museet står da også for storparten av aktiviteten. Rekneskap og årsmelding med biletserie frå 2025 viste gode resultat av kulturarbeidet. På dei 13 museumsdagane var 520 gjestar innom - eit gjennomsnitt på 40.

Historielaget går no inn i sin 32. sommar med søndagsope museum – frå 21. juni til 13. september. Museet er bygda sin «pub» - treffstad over ein kaffeprat, med fastbuande og tilreisande gjestar.

Tema-lista klar

Fast post er Dagens Tema – lokalhistorisk kåseri med innblikk i levd liv gjennom tidene. Temalista for sommaren 2026 er alt klar: 150-års kyrkjejubileum, vegbygging i Tingvoll og Surnadal, fartyhistorie og skutemodellar, minneår for Mannbjønnen og Bjønnastøtta, skibragder og folkemusikk, tilbakeblikk på Aura-utbygginga og på Surnadal Apotek, dialektperler og meir til. Programma blir kunngjort veke for veke.

Kyrkjebåt og opplevingsarena

Historielaget er stolt av sin flotte kyrkjebåt «Hjelmkonnå». – Den leier vi ut til firma og lag  som vil oppleve nordmørsk fjordmiljø på «gammelmåten» og samtidig få god trim, seier lagets faste høvedsmann Tore Sannes.

Elles vil historielaget promotere bygda sin flotte natur, fascinerande historie og arenaen Bøfjorden Sjøbruksmusem i ein brosjyrer mynta på både fastbuande, hyttefolk og ferierande. 

– Vi har mykje å by på som ikkje alle har oppdaga, meiner styret.

Dugnad og gjevarånd

Laget og museet er fullt og heilt dugnadsbasert. Inntektene kjem frå lodd- og kaffesalg.

- Da er det ei stor glede at så mange gjer gratis innsats og støttar oss, seier leiar Bernt Bøe og framhevar kjøkenhjelparar, handlangarar og tema-kåsørar.

Like eins er den store samlinga av sjøbruk og anna utstillingsmateriale resultat av betydeleg gjevarånd. Stadig får gjenstandar av stor historisk verdi plass i hyllene.

VI SPONSER BØFJORDNETT