Fredsflagg over fjorden
80 år etter frigjeringa i 1945 hentar ein fram mange glimt. Som dette – om korleis seifiskarane på Bøfjorden feira den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945.
Denne tysdagen var det uvanleg godt sei-tak på fjorden. Båtane låg tett mellom Bøgeilen og Heggemstranda. Det glinsa av gråblank fisk over ripa, og melene vart fulle av fin sjømat. Humøret var godt blant dei i robåtane.
Forventning om fred
I lufta var det også vårstemning – ja, forventning: Dei siste dagane hadde ulovlege radioar, som på Heggem, formidla håp om fred og betre tider etter fem år med krig og okkupasjon.
Halv sju-sendinga den 7. mai tydde på at vendepunktet var kome. Somme stader, som i Snekkvika, drista dei seg fram med flagg allereie den kvelden. Andre stader venta dei med feiringa til freden var offisiell.
Flagget forkynte freden
Ute på Bøfjorden låg som nemnt tett i tett med seifiskarar da London-sendinga tysdag 8. mai forkynte at Tyskland hadde kapitulert. Gleda over godt fiske fekk ein heilt ny dimensjon!
På Heggem ser folket at båtsbyggjar Bernt i Bøgeilen har heisa flagget! Dei forstår kva det betyr og er ikkje seine om få opp sitt eige. Mot vårhimmelen vaiar det straks enda meir raudt, kvitt og blått.
Seifiskarane oppdagar flagga. Og det som no skjer i robåtane, er ei gyllen stund i vår lokale historie – eit rørande innslag i fredsjubelen som bølgar over heile fedrelandet.
Tidlaust mannskor
Som på instinkt reiser karane seg i kvar båt, surrar snøret rundt tofta, tek av seg på hauet og blir ståande med augo mot flagga i Geilen og på Heggem. Praten stilnar - det legg seg ein andakt over heile robåtflåten.
Så er det at ein av dei hentar fram tonen som har tagd i fem lange og tunge år. I løpet av sekund stemmer dei i - alle som ein: Himmelblå tenorar, havdjupe bassar og dei der imellom, med den stemme og musikalitet dei måtte ha:
- Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet med de tusen hjem,
elsker, elsker det og tenker på vår far og mor
og den saganatt som senker drømme på vår jord!
Folk på land blir ståande og lytte: Frå nord til sør, frå ytst til inst i fjordbygda tonar nasjonalsongen meir gripande enn dei nokon gong har høyrt han. I eit evig, uglømmeleg minutt kling eit mannskor som set all vanleg songtradisjon til side.
Bøfjord-fiskarane si tolking av «Ja, vi elsker» denne første fredsdagen var ei framføring for historiebøkene!
Kjelde til dette minnet er Kristine Heggem (1908-2002). Ho fortalte levande om kva inntrykk det gjorde å stå på tunet og høre seifiskarane prise freden med å synge nasjonalsongen slik dei gjorde.
Bernt G. Bøe