Eline traff blink igjen!

I helga var det innendørsstevne i skyting i regi av Aspøy og Straumsnes melder Tidens Krav. Eline Lillegård slo til og vann nok ein gong i si klasse.
På Straumsnes var det Eline Lillegård som var best i klasse 3-5: Ho vann med 347. Guro Øie Bævre frå Bæverdalen vart nummer to med 346, skriv TK på nettstaden sin.
På resultatlista kan vi også sjå at Ane Martine Berg tok ein fin 4.plass med 344.
Andre som deltok frå Hjelmen skyttarlag:
- 23.plass med 333, Rolf Morten Berg
- 31.plass med 328, Lars Lillegård
Les meir om helgas skyting på denne lenkja.