Bøfjorden Sjøbruksmuseum: Sesongstart
Mykje kultur rundt i Surnadal for tida! Søndag startar også sommarsesongen på museet i Bøfjorden.
![Sesongstart A Skiltet[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5435968.2107.slumbwbqsmpm7n/800x0/6722212_5435968.jpg)


Fram til september byr historielaget kvar søndag på ope museum - med kaffe, småsalg og alltid eit Dagens Tema.
Ishavsdrama
Kåsør på opningsdagen er Jakob Kristian Teilgård. Han har fordjupa seg i historia om selfangsten og trekkjer særleg fram stormdramaet i Vestisen påska 1917, da fleire ishavsskuter forliste og mange sjøfolk omkom.
Blant desse var tre frå hans heimbygd Straumsnes. Dei var mannskap på DS «Aslak». Som ved eit mirakel overlevde «Sangvik», tilhørande Aarnes & Lund i Kristiansund. Skildringa derifrå er i seg sjøl eit stort kapittel skipshistorie.
Styret rosar dugnadsfolk i bygda
Bøfjorden Historielag sitt styre består no av Inge Dønheim, Kristian Settem (ny), Tore Sannes, May Iren Dønheim Hovde (ny) og Bernt Bøe. Gunnhild Vetleseter Bøe er vara.
Desse er glade for frivillig kjøkenteneste og annan innsats for laget og museet i dugnadsbygda Bøfjorden.
Det er no 30 år sia sjøbruksmuseet opna. Sia at starten i 1995 har ein hatt 470 søndagar med kaffe og fast Dagens Tema.
Jubilerer under Bøfjordhelga
Under Bøfjordhelga 11.-13. juli vil difor historielaget markere sitt 30-årsjubileum samtidig med grendahuset i bygda.
Ulike tema står på blokka utover sommaren - som «Gulltransporten 1940», «Artig med skrøner og vettord», skipsbygging, «30 år på museet», «Utnamn med snert», lokal bedriftshistorie og andre spennande saker.
Noko for kvar smak, altså. Og starten søndag byr på selfangst og dramatikk.
…. For Bøfjorden Historielag, Bernt G. Bøe ….